kdesrc-build
Kategoriar:This app is still in development and isn't released yet by the KDE community.


kdesrc-build er eit verktøy som lèt deg enkelt byggja KDE-programvare frå tilhøyrande kjeldekode-depot.
Syntaksmerking for kdesrc-buildrc-filer er tilgjengeleg i Kate/KWrite via menyen «Verktøy → Syntaksmerking → Oppsett».
Funksjonar:
- Sjekkar automatisk ut og oppdaterer kjeldekode for KDE-program frå tilhøyrande kjeldekode-depot.
- Er integrert med infrastrukturen for kjeldekode til KDE-program, slik at ulike modular automatisk vert bygde i rett rekkjefølgje og basert på rette versjonsgreiner.
- Støttar enkel bygging av valfrie versjonsgreiner, merkelappar og revisjonar til modular (eller alle KDE-programma).
- Støttar mange byggjesystem. Det er til nød òg mogleg å byggja mange program som ikkje er frå KDE.
- Støttar tørrtreningsmodus (--pretend), slik at du trygt kan eksperimentera med ulike innstillingar.
- Kan lasta ned modular (både ved første utsjekk og oppdateringar) sjølv ved bygging av modular som alt er oppdaterte.
- Loggar alt for seinare gjennomgang. Slik kan du lettare finn ut korfor noko gjekk gale ved bygging. Programmet lagar automatisk symbolske lenkjer for lett tilgang til nyaste log («log/latest»). Har òg fargekoding av loggen (kan slåast av).
- Har støtte for å byggja Qt-biblioteket, som trengst for KDE-programvare.
- Programmet kdesrc-build kan tilpassast på mange måtar. Du kan, om ønskjeleg, justera dei fleste innstillingane heilt ned på modulnivå, òg «configure»- og CMake-flagg samt C++-flagg brukte ved kompilering. I staden for at du må hugsa kva «configure»-kommando du skal bruka, kan du definera ho éin gong for alle.
- Omfattande dokumentasjon.